Korleis kan Optima pH brukast av bonden?
Det er dei gode bakteriane som vernar folk og dyr mot sjukdom og gjev hud i balanse ved at dei produserer organiske syrer og tek knekken på skadelege bakteriar. Dei gode bakteriane trivst i eit surt miljø.
Ved hud i ubalanse er det for lite gode bakteriar. Dette gjev for liten produksjon av organiske syrer og gjev høgare pH-verdi. Skadelege bakteriar trivst best ved pH 6-8.
Under finn du informasjon om produkt og tips til bruk alt etter kva dyr du har.
Sau og geit
Fødselshjelp: Vask området rundt vulva med Optima pH4 hudvask for dyr. Bruk rikeleg med Optima pH4 gel på hansken når du utøver fødselshjelp; og legg igjen ein del gel i børen etterpå
Lammebyte/adopsjon med Optima er ein velkjent og sikker metode. Dypp heile lammet i ei blanding av 2-3 dl Optima pH4 hudvask for dyr i 20 l lunka vatn. Spray så med Optima pH4 hudspray for dyr. La sauen få dette lammet før sitt eige.
Mindre overflatesår på jur og spenar: Vask først jur og spenar med Optima pH4 hudvask for dyr. Påfør deretter Optima pH4gel i rikelege mengder. Bruk gelen 1-2 g pr dag. Andre mindre overflatesår kan du behandla på same måte.
Munnskurv: Bruk Optima pH4 gel 1-2g dagleg. Spesielt viktig er dette ved blemmer på spenane.
|
Storfe
Mage/tarmplager: Ved slike plager hos enkeltdyr er Optima pH4 mage (mageregulator) brukt med godt resultat på denne måten:
Kalv (0-3 veker): Bruk ca 1dl (1kopp) 1-2 g pr dag. Bland det evt ut i litt vatn eller mjølk.
Ved flokkproblem: 0,25 liter Optima pH3,6 organiske syrer og 0,2 liter Optima pH4 mage(mageregulator) til 10 liter mjølk. Denne blandinga er mikrobiologisk stabil og kan brukast både i fôringsautomat og til manuell fôring. Mageregulatoren har god smak og stimulerer opptaket. Denne kan også brukast i drikkevatnet i utblanding 1:10.
Spenepleie kyr: Bruk av Optima pH4 spenevask og spenespray er kostnadseffektive tiltak for å ha god stabilitet når det gjeld celletal og jurhelse. Brukt i heile mjølkeperioden kostar det kun 3-4 øre pr liter mjølk.
|
Hest
Man- og halekløe og andre hudplager: Fukt dei aktuelle hudområda med lunka vatn. Påfør Optima pH4 hudvask for dyr og gni denne godt inn i hårlag og hud. Skyll med lunka vatn etter 3-5 min. Bruk gjerne Optima pH4 hudspray for dyr når hud og hår er blitt tørre igjen. Spray på og børst det inn i hårlaget. Gjer dette 1 g pr dag eller etter behov. Hvis det er tendens til sår skal det brukast Optima pH4 gel på slike område, 1-3 g pr dag.
«Mugg»: Vask vekk søle etc på beina med Optima pH4 hudvask for dyr. Tørk det aktuelle hudområdet med papir eller ei tørr fille Bruk deretter Optima pH4 gel på det same området. Utfør denne prosedyren dagleg eller etter behov. Bruk av tørt strø av tre i boksen er viktig for å unngå slike plager.
Sur stråle-stråleråte: Fjern skit og rensk opp etter behov. Vask med Optima pH4 hudvask for dyr. Bruk deretter Optima pH4 hudspray for dyr eller Optima pH4 organiske syrer. Begge deler kan brukast som spray eller bad(soaking).
Mindre overflatesår: Det er viktig å senka pH over tid. Dette oppnår ein med Optima. Vask med Optima pH4 hudvask for dyr viss det er ureint. Bruk deretter Optima pH4 gel så ofte som det er praktisk mogeleg. Denne prosedyren sikrar låg pH og held bakterieveksten på eit optimalt nivå.
|
Oppsummering: pH4 produkta gjev den gode bakteriefloraen ein buffer ved at dei tilfører organiske syrer. Surheitsgraden vert senka (pH4) og det vert fleire gode bakterier til å produsere organiske syrer, altså eit surt miljø. Dette er huda sitt beste forsvar.
