Mine sider

pH4 gir hud i balanse!

Folk

Optima pH4 tilbyr hudpleie- og hygieneprodukt utvikla for å ta vare på huda. Med ein pH-verdi på 4 hjelper produkta til med å bevare huda sin naturlege balanse og styrkjer huda si evne til å byggje seg opp att når ho kjem i ubalanse.
Folk
Ingen filter Ingen tilgjengelige filtre for denne kategorien.
produkter
Filter
Nullstill

• Alle Optimaprodukta har pH 4
Hud i balanse har låg pH (4-6), rikeleg med feittstoff og ein solid normalflora.
pH 4 i Optima er viktig for å halda vedlike denne balansen og reparera hud som er i ubalanse. Organiske syrer er viktige ingrediensar for å oppnå dette. pH 4 styrker huda sin fornyingsprosess.

• Hemmande effekt på skadelege bakteriar
Hemmande effekt på skadelege bakteriar og sopp i Optima skriv seg frå innhaldet av organiske syrer. Dette er syrer som finst i naturen og i mange nyttige matvarer. Eddik, sitroner, tranebær, tyttebær, molter og rognebær er slike produkt. Det fine med desse syrene er at dei ikkje skadar dei nyttige bakteriane.

• Alginat er ein viktig ingrediens
 Alginat blir produsert av tang og tare og hindrar uttørking av hud og slimhinner. Alginat er ein kjent ingrediens i spesialbandasjer for sårheling.

Den unike kombinasjonen av organiske syrer og LÅG pH gjer at desse produkta er svært hudvenlege. Ved pH under 4,5, og i nærvær av organiske syrer, får skadelege bakteriar problem med å overleva, mens den nyttige normalfloraen blir lite påverka.