pH-balansert, mild, reingjerande og fuktbevarande såpe til dyr. Den har hemmande effekt på lukt og problembakteriar og er god mot kløe og andre hudplager. Gunstig for den normale bakteriefloraen. Hudvask for dyr fjernar ikkje feitt frå hud og pels og alle dyreartar kan dirfor vaskast så ofte som nødvendig. Uttørking av huda kan gje hudproblem, så ein god vask med Hudvask for dyr er då det fyrste og viktigaste tiltaket ved kløe og andre hudplager!
Bruksområde og tips:
HUND:
Fukt med lunka vatn. Masser grundig med hudvask for dyr/hundesjampo og skyll av etter 1-2 min.
HEST:
Vask heile hesten grundig. Gjenta om nødvendig etter 1-2 veker. Konsentrer deg deretter om berørte kroppsdeler. Vask etter behov og spray med Optima pH hudspray for dyr.
SAU:
Fødselshjelp/lammebytte: Optima pH hudvask for dyr fjernar lukt og er grunnlaget for metoden.
GRIS:
Fødselshjelp: Vask området rundt vulva med Optima pH hudvask for dyr. Bruk rikeleg med Optima pH gel på hansken når du utøver fødselshjelp.
Viktig: Bruk hudvask for dyr saman med hudspray for dyr/gel for å få det beste resultatet.
Meir om produktet:
Såpa inneheld vaskestoff og glyserol som er feittløyselege ingrediensar og er dermed godt eigna til å fjerna søl og skit på hud og pels. I tillegg er det organiske syrer som gjer at såpa vert sur, pH 4. Dei organiske syrene legg til rette for den gode normalfloraen og gjer livet surt for problembakteriane (som ikkje trivst ved låg pH). Såpa er dermed med på å bevara huda si naturlege syrekappe og bakterieflora slik at ein vert meir motstandsdyktig mot infeksjon generelt.
Innhaldet av glyserol og alginat er med på å pleie hud og pels.
LAGRING:
Produkta er haldbare i romtemperatur. Høg romtemperatur over lang tid er likevel uheldig for konsistensen. Refillflasker bør derfor lagrast ved lågare temperatur.