Optima har fokusert på pleie av spenane og stress mot uønskte bakteriar ved hjelp av alginat og organiske syrer.
Optima pH spenespray er produktet som har vist sikker effekt på jurhelsa. Bruk av denne spenesprayen er eit rimeleg og godt dokumentert jurhelsetiltak.
I Optima spenespray er det ikkje solfaktor. Det er fordi me ikkje vil ha slike kjemikalier i våre produkter, og fordi det er lite bruk for solfaktor på spenane i vårt klima. Mange har gode erfaringar med Optima gel når det er rikeleg med sol, og ved ekstrem sol og vind tilrår me å bruka spenesalve med solfaktor.
Bruksområde og tips:
Sprayast på huda 2 – 3 gonger pr. dag eller etter behov. Kan aldri forårsaka smaksfeil eller restkonsentrasjonar i mjølk. Kan brukast i mjølkerobot.
Meir om produktet:
Spenespray har ingrediensar som tek vare på huda sitt naturlege forsvar. Organiske syrer gir låg pH. Produktet er difor med på å bevara huda si naturlege syrekappe og bakterieflora slik at ein blir meir motstandsdyktig mot infeksjon generelt.
Glyserol er med på å halde huda mjuk og smidig. Optima inneheld alginat som blir produsert frå tang og tare. Alginat er ein kjent ingrediens i spesialbandasjar for sårheling og er då ein viktig ingrediens i Spenespray. Produkta til Optima pH bevarer fuktigheta i huda, og kan ha god effekt på ulike hudplager.
Inneheld ikkje parfyme og finst i fleire storleikar.
Optima pH 4 SPENESPRAY har vist sikker effekt på jurhelsa. Mastitt er den sjukdommen mjølkeprodusentar over heile verda taper mest på. Optima har fokusert på pleie av spenen og stress mot uønskte bakteriar ved hjelp av alginat og organiske syrer. Alt i 1998 viste spenesprayen effekt på mastitt i ei større produktevaluering utført i regi av Tine/Hts. Tinetrykk 2/2000. Seinare er spenesprayen vidareutvikla i fleire omgangar og er pr i dag betre enn nokosinne
Lagring:
Produkta er haldbare i romtemperatur. Høg romtemperatur over lang tid er likevel uheldig for konsistensen. Refillflasker bør derfor lagrast ved lågare temperatur.