Mine sider

pH4 gir hud i balanse!

Optimakonseptet

“Naturen skal kun hjelpes for at dens egen kraft skal virke” -Hippokrates-

Ingen filter Ingen tilgjengelige filtre for denne kategorien.
produkter
Filter
Nullstill

Optima spelar på lag med naturen og vår filosofi er at produkta våre skal ha effekt i samsvar med økologiske prinsipp. Det gjer me ved at me tek vare på huda sitt naturlege forsvar. Låg pH (pH4) og bruk av organiske syrer styrer bakterieveksten bort frå skadelege bakteriar og sopp, samtidig som ein tek vare på dei gode bakteriane. Då hjelper me huda til å hjelpe seg sjølv, og me får me ei hud i balanse.


OPTIMAKONSEPTET

• Alle Optimaprodukta har pH 4
Hud i balanse har låg pH (4-6), rikeleg med feittstoff og ein solid normalflora.
pH 4 i Optima er viktig for å halda vedlike denne balansen og reparera hud som er i ubalanse. Organiske syrer er viktige ingrediensar for å oppnå dette. pH 4 styrker huda sin fornyingsprosess.

• Hemmande effekt på skadelege bakteriar
Hemmande effekt på skadelege bakteriar og sopp i Optima skriv seg frå innhaldet av organiske syrer. Dette er syrer som finst i naturen og i mange nyttige matvarer. Eddik, sitroner, tranebær, tyttebær, molter og rognebær er slike produkt. Det fine med desse syrene er at dei ikkje skadar dei nyttige bakteriane.

• Alginat er ein viktig ingrediens
Optima er einaste hudpleieserien som inneheld alginat som blir produsert frå tang og tare. Alginat absorberer sårsekret og er ein kjent ingrediens i spesialbandasjar for sårheling.

Resultatet blir unike produkt som forsterkar huda sine eigne forsvarsmekanismar, bl.a. ved at hudvaskprodukta ikkje fjernar feitt frå hud og hår. Sjampoar og såper med høg pH fjernar feitt frå huda. Det er svært skadeleg både for folk og dyr. Ved pH under 4,5, og i nærvær av organiske syrer, får skadelege bakteriar problem med å overleva, mens den nyttige normalfloraen blir lite påverka.


INNHALD I HUDPLEIE- OG HYGIENEPRODUKT

Organiske syrer, alginat, glyserol, aroma, farge og vatn. Alle desse ingrediensane er godkjente til bruk i mat og er lett nedbrytbare i naturen.

ORGANISKE SYRER: Ein unik kombinasjon av fire organiske syrer gjev pH 4. Dette bevarer den gode og normale (nyttige) bakteriefloraen og har hemmande effekt på skadelege bakteriar og sopp. Syrer som dette finst i naturen og i mange nyttige matvarer. Eddik, sitroner, tranebær, tyttebær, molter og rognebær er slike produkt. EDDIKSYRE (vineddik/eplesidereddik etc) senkar pH og har blitt brukt i mange hundre år for sine naturlege antibakterielle eigenskapar; og har i tillegg positiv effekt på hud og hår. 
I Optimaprodukta finst det ikkje skadelege kjemikaliar eller miljøgifter.

ALGINAT er ein viktig ingrediens i alle Optimaprodukt. ALGINAT blir produsert av tang og tare og hindrar uttørking av hud og slimhinner. Alginat er ein kjent ingrediens i spesialbandasjer for sårheling. Optima er den einaste hudpleieserien som inneheld dette stoffet.

GLYSEROL er ein sukkeralkohol som blir laga av vegetabilske oljer. Denne er viktig for å halda hud (og slimhinner) mjuke og elastiske. Er ein naturleg del av eit godt hudpleiemiddel.

Som AROMA blir det brukt sitronolje som er produsert utan at sitronskalet er med, og stikkelsbæraroma. Dette skal gje god lukt og dempar eddiklukta.

Grøn FARGE  som er godkjent i mat.

Reint VATN frå Hardanger.

INNHALD I SÅPER OG SJAMPO

I tillegg til alle hudpleieingrediensane som er opplista ovanfor, inneheld såpeprodukta også tensidar (vaskestoff), slik at ein skal verte rein når ein vaskar seg. Optima brukar kun halv mengd med tensider/vaskestoff. Resten er hudpleie. Dette gjer at huda ikje tørkar ut. Den unike kombinasjonen av organiske syrer og LÅG pH gjer at desse produkta er svært hudvenlege. Feitt blir ikkje fjerna frå huda! Tensidane som blir brukte er lett nedbrytbare i naturen.

NB! I DUO dusjsåpe er det ikkje brukt aroma, men parfyme med duft av grøn te. Denne gjev veldig god lukt og dempar eddiklukta.

 

Hudvask og hudpleie med låg pH – pH4 bevarer den gode og normale bakterieflora og gjev hud i balanse!