Med Optima pH 4 spenevask i vaskevatnet blir spenane reinare enn med kun vatn. Det betyr mindre smuss og bakteriar i mjølka.
Så er det med på å legga til rette for dei gode bakteriane og kan aldri gje restkonsentrasjonar i mjølka. God mot skadelege bakteriar og sopp.
Bruksområde og tips:
2-3 ss til 10 liter vatn. Kan brukast i mjølkerobot.
Meir om produktet:
Såpa inneheld vaskestoff og glyserol som er feittløyselege ingrediensar og er dermed godt eigna til å fjerna søl og skit på hud og pels. I tillegg er det organiske syrer som gjer at såpa vert sur, pH 4. Dei organiske syrene legg til rette for den gode normalfloraen og gjer livet surt for problembakteriane (som ikkje trivst ved låg pH). Såpa er dermed med på å bevara huda si naturlege syrekappe og bakterieflora slik at ein vert meir motstandsdyktig mot infeksjon generelt.
Innhaldet av glyserol og alginat er med på å pleie hud og pels.
LAGRING:
Produkta er haldbare i romtemperatur. Høg romtemperatur over lang tid er likevel uheldig for konsistensen. Refillflasker bør derfor lagrast ved lågare temperatur.