Optima pH4 gel er ein sårhelande gele som har hemmande effekt på problembakteriar og sopp. Den kan brukast til overflatesår hos alle dyr, til jur- og spenesalve, som glidemiddel ved fødselshjelp og i børen hos alle produksjonsdyr. I tillegg er den godt eigna som «potesalve» på hund.
Bruksområde og tips:
Smør på 1-3 gonger pr dag eller ved behov.
Ved overflatesår; vask med pH4 Hudvask for dyr før første påføring av pH4 Gel.
pH4 Gel kan også brukast som potesalve til hunden om kvelden for å oppnå pH-senking av huda over tid. Sjå «faktaark» under fana «dokumenter for meir informasjon og brukarrettleiing.
Meir om produktet:
Optima pH4 Gel har ingrediensar som tek vare på huda sitt naturlege forsvar. Organiske syrer gir låg pH. Produktet er difor med på å bevara huda si naturlege syrekappe og bakterieflora slik at ein blir meir motstandsdyktig mot infeksjon generelt.
Glyserol er med på å halde huda mjuk og smidig. Optima inneheld alginat som blir produsert frå tang og tare. Alginat er ein kjent ingrediens i spesialbandasjar for sårheling og er då ein viktig ingrediens i Gel. Produkta til Optima pH bevarer fuktigheta i huda, og kan ha god effekt på ulike hudplager.
Inneheld ikkje parfyme og finst i fleire storleikar.
Lagring:
Produkta er haldbare i romtemperatur. Høg romtemperatur over lang tid er likevel uheldig for konsistensen. Refillflasker bør derfor lagrast ved lågare temperatur.