Optima pH4 hudspray for dyr har god effekt på hudplager hos alle dyrearter, og kan brukes både ved kløe og ved overflatesår. Hudsprayen styrker huda sin fornyingsprosess og bevarer den normale bakeriefloraen. Den har også ein hemmende effekt på problembakteriar.
Bruksområde og tips:
Sprayast på huda 2 – 3 gonger pr. dag eller etter behov.
Bruk både Optima pH4 hudspray for dyr og Optima pH4 hudvask for dyr for å få det beste resultatet.
Utvikla metode for Lammebyte/ Lammeadopsjon
Hvis du under lamminga har lam til overs og veit -eller har sterk mistanke om at ein sau kjem med 1 lam, kan du med Optima få denne til å overta eit overskytande lam.
Dag Laupsa-Borge som er sauebonde i Kvam i Hardanger har utvikla ein metode som fungerer i så godt som alltid. Grunnane til dette er at hudvasken fjernar den «gamle» lukta av lammet, og hudsprayen smakar så godt at sauen slikkar det. Og då er det gjort! Sauen har akseptert lammet som sitt eige. Du finn meir informasjon og riktig brukarrettleiing om "lammebyte" i fana «Dokumenter».
Meir om produktet:
Optima pH4 Hudspray for dyr har ingrediensar som tek vare på huda sitt naturlege forsvar. Organiske syrer gir låg pH. Produktet er difor med på å bevara huda si naturlege syrekappe og bakterieflora slik at ein blir meir motstandsdyktig mot infeksjon generelt.
Glyserol er med på å halde huda mjuk og smidig. Optima inneheld alginat som blir produsert frå tang og tare. Alginat er ein kjent ingrediens i spesialbandasjar for sårheling og er då ein viktig ingrediens i Hudspray. Produkta til Optima pH bevarer fuktigheta i huda, og kan ha god effekt på ulike hudplager.
Inneheld ikkje parfyme og finst i fleire storleikar.
Lagring:
Produkta er haldbare i romtemperatur. Høg romtemperatur over lang tid er likevel uheldig for konsistensen. Refillflasker bør derfor lagrast ved lågare temperatur.