Optima pH4 Hudvask Pluss både pleier og vaskar huda, og den unike samansetninga gjer at ein kan vaska hender og dusje kroppen så ofte ein vil utan at hudvasken skadar huda. Produktet har alle dei gode eigenskapane til den vanlege hudvasken. Unikt for Hudvask Pluss er at den inneheld større mengder organiske syrer for å bekjempe bakterier og sopp. I tillegg inneheld den havsalt som tilfører huda mineral. Optimal såpe for dei med problemhud eller til hudvask der det er høge krav for riktig håndhygiene, td i helseinstitusjonar og ved produksjon og servering av mat.
Bruksområde
Hudvask Pluss kan brukast til handvask, sjampo, kroppsvask, barbering, intimvask og fotbad. Den er også mild og fin som hudvask på barn og baby.
Tips
Ved hudplager eller ved ekstra tørr hud: Bruk både Hudvask Pluss og Hudbalsam for å få det beste resultatet. Smør deg godt inn kvar kveld og la det virka over natta. Brukar du andre såper eller kremar innimellom får du mindre effekt.
pH 4 er viktig for å oppretthalda ei sunn og frisk hud, og for å forsterka huda sine eigne forsvarsmekanismar.
Meir om produktet:
Såpa inneheld vaskestoff og glyserol som er feittløyselege ingrediensar og er dermed godt eigna til å fjerna søl og skit på hendene. I tillegg er det organiske syrer som gjer at såpa vert sur, pH 4. Dei organiske syrene legg til rette for den gode normalfloraen og gjer livet surt for problembakteriane (som ikkje trivst ved låg pH). Såpa er dermed med på å bevara huda si naturlege syrekappe og bakterieflora slik at ein vert meir motstandsdyktig mot infeksjon generelt. Innhaldet av glyserol og alginat er med på å pleie huda.
Lagring:
Produkta er haldbare i romtemperatur. Høg romtemperatur over lang tid er likevel uheldig for konsistensen. Refillflasker bør derfor lagrast ved lågare temperatur.