Dersom det ligg føre ein mangel ved vara, må kjøparen innan rimeleg tid etter at mangelen blei oppdaga, eller burde ha blitt oppdaga, gi seljaren melding om at mangelen blir påberopt. Reklamasjon er alltid framsett i tide dersom han skjer innan to månader etter at mangelen blei oppdaga eller burde ha blitt oppdaga. Reklamasjon må seinast skje innan to år etter at kjøparen tok imot vara. Dersom vara, eller delar av henne, er meint å vare vesentleg lenger enn to år, er reklamasjonsfristen fem år.
Dersom vara har ein mangel, og dette ikkje kjem av forhold på kjøparen si side, kan kjøparen etter reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 6, alt etter omstenda, halde kjøpesummen tilbake, velje mellom retting og omlevering, krevje prisavslag, heve avtalen og/eller krevje erstatning frå seljaren.
Reklamasjon bør sendast skriftleg.
Retting eller omlevering
Kjøparen kan velje mellom å krevje at mangelen blir retta eller å få levert ei tilsvarande vare. Seljaren kan likevel motsetje seg kravet dersom gjennomføringa er umogleg eller vil medføre urimelege kostnader. Retting eller omlevering skal skje innan rimeleg tid. Seljaren har som hovudregel ikkje rett til meir enn to forsøk på å rette den same mangelen.
Prisavslag
Kjøparen kan krevje eit høveleg prisavslag dersom vara ikkje blir retta eller omlevert. Prisavslaget skal svare til skilnaden mellom verdien av vara i mangelfull stand og verdien ho ville hatt dersom ho var i samsvar med avtalen. Dersom særlege grunnar talar for det, kan prisavslaget i staden fastsetjast ut frå kva mangelen har å seie for kjøparen.
Heving
Dersom mangelen ikkje blir retta eller vara ikkje blir omlevert, kan kjøparen òg heve kjøpet dersom mangelen ikkje er uvesentleg.