Man-fre: 08.00-15.30Laur-søn: Stengt
pH4 gir hud i balanse!
Optima pH4 set god dyrehelse i fokus. Me tilbyr vaske- og pleieprodukt til både kjæledyr og produksjonsdyr. Alle Optimaprodukta har pH 4 og gir hud i balanse.
Hud i balanse har låg pH (4-6), rikeleg med feittstoff og ein solid normalflora. pH 4 i Optima er viktig for å halda vedlike denne balansen og reparera hud som er i ubalanse. Eddiksyre og tre andre organiske syrer er viktige ingrediensar for å oppnå dette.
Hemmande effekt på skadelege bakteriar og sopp i Optima pH skriv seg frå innhaldet av organiske syrer. Dette er syrer som òg finst i naturen og i mange nyttige matvarer. Eddik, sitroner, tranebær, tyttebær, molter og rognebær er slike produkt. Det fine med desse syrene er at dei ikkje skadar dei nyttige bakteriane.• Alginat er ein viktig ingrediens Optima pH4 er einaste hudpleieserien som inneheld alginat som blir produsert frå tang og tare. Alginat er ein kjent ingrediens i spesialbandasjar for sårheling. Resultatet blir unike produkt som forsterkar huda sine eigne forsvarsmekanismar, bl.a. ved at hudvaskprodukta ikkje fjernar feitt frå hud og hår. Sjampoar og såper med høg pH fjernar feitt frå huda. Det er svært skadeleg både for folk og dyr. Ved pH under 4,5, og i nærvær av organiske syrer, får skadelege bakteriar problem med å overleva, medan den nyttige normalfloraen blir lite påverka.