pH-balansert, mild, reingjerande og fuktbevarande sjampo for hund. God mot kløe og andre hudplager. Hemmande effekt på lukt og problembakteriar. Gunstig for den normale bakteriefloraen. Passar alle typar hud og pels. Fjernar ikkje feitt frå hud og pels. Hunden kan derfor vaskast så ofte som nødvendig. Hundar har låg feittproduksjon i huda og uttørking av huda kan gje hudproblem. Ein god vask med Hundesjampo er fyrste og viktigaste tiltaket ved kløe og andre hudplager!
Bruksområde og tips
Fukt med lunka vatn. Masser grundig med hundesjampo og skyll av etter 1-2 min. Kombiner hundesjampo saman med hudspray for dyr/gel som førebygging og pleie.
Hundesjampo = Hudvask for dyr
Meir om produktet:
Såpa inneheld vaskestoff og glyserol som er feittløyselege ingrediensar og er dermed godt eigna til å fjerna søl og skit på hud og pels. I tillegg er det organiske syrer som gjer at såpa vert sur, pH 4. Dei organiske syrene legg til rette for den gode normalfloraen og gjer livet surt for problembakteriane (som ikkje trivst ved låg pH). Såpa er dermed med på å bevara huda si naturlege syrekappe og bakterieflora slik at ein vert meir motstandsdyktig mot infeksjon generelt.
Innhaldet av glyserol og alginat er med på å pleie hud og pels.
Lagring:
Produkta er haldbare i romtemperatur. Høg romtemperatur over lang tid er likevel uheldig for konsistensen. Refillflasker bør derfor lagrast ved lågare temperatur.