Dette er ei såpe som inneheld hudpleie i tillegg til vaskestoff. Optima pH4 Hudvask både pleier og vaskar huda og den unike samansetninga gjer at ein kan vaska hender og dusje kroppen så ofte ein vil utan at ein skadar huda.
Bruksområde
Hudvasken er allsidig og kan brukast til handvask, kroppsvask, barbering, intimvask, fotbad og som sjampo. Den er også mild og fin som hudvask på barn og baby. Finst i fleire storleikar.
Tips:
Ved tørr hud: Bruk gjerne hudpleie pluss i tillegg. Etter vask og ved behov (på dagtid).
Ved ekstra tørr hud: Bruk gjerne hudbalsam i tillegg. Smør deg godt inn kvar kveld og la det virka over natta.
pH 4 er viktig for å oppretthalda ei sunn og frisk hud, og for å forsterka huda sine eigne forsvarsmekanismar.
Meir om produktet:
Såpa inneheld vaskestoff og glyserol som er feittløyselege ingrediensar og er dermed godt eigna til å fjerna søl og skit på hendene. I tillegg er det organiske syrer som gjer at såpa vert sur, pH 4. Dei organiske syrene legg til rette for den gode normalfloraen og gjer livet surt for problembakteriane (som ikkje trivst ved låg pH). Såpa er dermed med på å bevara huda si naturlege syrekappe og bakterieflora slik at ein vert meir motstandsdyktig mot infeksjon generelt.
Innhaldet av glyserol og alginat er med på å pleie huda.
Sjå tilbakemeldingar her!
Lagring:
Produkta er haldbare i romtemperatur. Høg romtemperatur over lang tid er likevel uheldig for konsistensen. Refillflasker bør derfor lagrast ved lågare temperatur.
Les meir om produkt for folk
HMS datablad hudvask
Faktaark produkt for folk