Optima pH4 Hudbalsam er ein mild, pleiande gelé. Veleigna til overflatesår og til hudpleie av heile kroppen. Til dagleg bruk for smidig hud og god hudbeskyttelse.
Bruksområde og tips
Påfør 2-3 gongar pr. dag eller etter behov. Skal ikkje skyljast av.
Til tørre hender, overflatesår, kløe, hudplager, etter soling, etter barbering, til fot/hudmassasje,urein hud, lett eksem og lett/mild/periodisk psoriasis. Påfør gjerne pH4 Hudbalsam om kvelden for å oppnå pH-senking av huda over natta, sidan hudfornyinga er mest aktiv i det tidsrommet. Kombiner gjerne med pH4 Hudpleie pluss på dagtid. Hudbalsam kan påførast direkte i overflatesår for rask og god sårheling. pH 4 er viktig for å få ei hud i balanse og reparera hud som er i ubalanse.
Meir om produktet:
Hudbalsamen har ingrediensar som tek vare på huda sitt naturlege forsvar. Organiske syrer gir låg pH4. Produktet tek dermed vare på den gode bakteriefloraen, samtidig som den hemmar vekst av skadelige bakteriar og sopp.
Glyserol er med på å halde huda smidig. Optima er einaste hudpleieserien som inneheld alginat som blir produsert frå tang og tare. Alginat er ein kjent ingrediens i spesialbandasjar for sårheling og er då ein viktig ingrediens i Hudbalsamen. Produktene til Optima pH bevarer fuktigheta i huda, og kan ha god effekt på ulike hudplager. Inneheld ikkje parfyme og finst i fleire storleikar.
Lagring:
Produkta er haldbare i romtemperatur. Høg romtemperatur over lang tid er likevel uheldig for konsistensen. Refillflasker bør derfor lagrast ved lågare temperatur.
Sjå tilbakemeldingar her!