Optima pH4 Hudpleie pluss er til dagleg hudpleie av heile kroppen og for å oppretthalde den gode syrekappa. Hudpleie pluss er likeverdig med hudbalsam når det gjeld hemmande effekt på skadelege bakteriar og sopp. Den er litt meir flytande i konsistens og trekker raskare inn i huda. Kjem i sprayflaske for dei som måtte føretrekke det.
Bruksområde
Optima pH4 Hudpleie pluss er ein mild og pleiande spray. Veleigna til alle former for hudpleie overalt på kroppen; til tørre hender, overflatesår, kløe, hudplager, etter soling, etter barbering, til fot/hudmassasje, urein hud, lett eksem og lett/mild/periodisk psoriasis.
Tips til bruk:
Påfør 1-3 gongar pr. dag eller etter behov. Skal ikkje skyljast av.
Bruk pH4 Hudpleie pluss til dagleg hudpleie og vedlikehald. Påfør gjerne pH4 Hudbalsam om kvelden for å oppnå pH-senking over natta, sidan hudfornyinga er mest aktiv i det tidsrommet. pH 4 er viktig for å få ei hud i balanse og reparera hud som er i ubalanse.
Meir om produktet:
Hudpleie pluss har ingrediensar som tek vare på huda sitt naturlege forsvar. Organiske syrer gir låg pH. Produktet er difor med på å bevara huda si naturlege syrekappe og bakterieflora slik at ein blir meir motstandsdyktig mot infeksjon generelt.
Glyserol er med på å halde huda mjuk og smidig. Optima er einaste hudpleieserien som inneheld alginat som blir produsert frå tang og tare. Alginat er ein kjent ingrediens i spesialbandasjar for sårheling og er då ein viktig ingrediens i Hudpleie pluss. Produkta til Optima pH bevarer fuktigheta i huda, og kan ha god effekt på ulike hudplager.
Inneheld ikkje parfyme og finst i fleire storleikar.
Lagring:
Produkta er haldbare i romtemperatur. Høg romtemperatur over lang tid er likevel uheldig for konsistensen. Refillflasker bør derfor lagrast ved lågare temperatur.
Sjå tilbakemeldingar her!