Bruksområde og tips
Optima pH4 Deodorant kan brukast dagleg for å hindre sveittelukt. Påfør rett etter vask.
Anbefalar å vaske huda med ei såpe frå Optima pH fyrst, for å reingjere huda/ eventuelt fjerne gamalt produkt og senke pH i huda.
Meir om produktet:
Deodoranten har ingrediensar som tek vare på huda sitt naturlege forsvar. Organiske syrer gir låg pH. Produktet tek dermed vare på den gode bakteriefloraen, samtidig som den hemmar vekst av skadelige bakteriar og sopp som forårsakar sveittelukt. Sidan den ikkje inneheld aluminium reduserer den ikkje produksjonen av sveitte.
Glyserol er med på å halde huda smidig. Optima er einaste hudpleieserien som inneheld alginat som blir produsert frå tang og tare. Alginat er ein kjent ingrediens i spesialbandasjar for sårheling og er då ein viktig ingrediens i Deodorant.
Inneheld ikkje parfyme og aluminium.
Lagring:
Produkta er haldbare i romtemperatur. Høg romtemperatur over lang tid er likevel uheldig for konsistensen.