DUO dusjsåpe er ein kombinasjon av sjampo og dusjsåpe for dagleg vask av hud og hår. Det er eit unisex produkt, basert på dei same gode ingrediensane våre, men med ny frisk duft av grøn te.
Dusjsåpa inneheld hudpleie som bidreg til ekstra fuktgivande effekt og har låg pH som er gunstig for vår normale bakterieflora. God mot flass og kløe i hårbotn. Her får du ei alt-i-eitt såpe som er like god både som sjampo, kroppsvask og intimvask. Super dusjsåpe til aktiv ungdom og alle andre som vil ha det enkelt i kvardagen.
Spar både pengar og miljø ved å kjøpe refillflaske på 1 liter og fyll over på 200 ml flaske.
Bruksområde
Her får du ei alt-i-eitt såpe som er like god både som sjampo, kroppsvask og intimvask.
Tips
Ved hudplager eller ved ekstra tørr hud: Bruk både DUO dusjåpe og Hudbalsam/Hudpleie pluss for å få det beste resultatet. Smør deg godt inn kvar kveld og la det virka over natta. Brukar du andre såper eller kremar innimellom får du mindre effekt.
pH 4 er viktig for å oppretthalda ei sunn og frisk hud, og for å forsterka huda sine eigne forsvarsmekanismar.
Meir om produktet:
Såpa inneheld vaskestoff og glyserol som er feittløyselege ingrediensar og er dermed godt eigna til å vaske urein hud og hår. I tillegg er det organiske syrer som gjer at såpa vert sur, pH 4. Dei organiske syrene legg til rette for den gode normalfloraen og gjer livet surt for problembakteriane (som ikkje trivst ved låg pH). Såpa er dermed med på å bevara huda si naturlege syrekappe og bakterieflora slik at ein vert meir motstandsdyktig mot infeksjon generelt. Innhaldet av glyserol og alginat er med på å pleie huda. DUO dusjåpe inneheld parfyme.
Lagring:
Produkta er haldbare i romtemperatur. Høg romtemperatur over lang tid er likevel uheldig for konsistensen. Refillflasker bør derfor lagrast ved lågare temperatur.